If you're seeing this message, it means we're having trouble loading external resources on our website.

Hvis du er bak et webfilter, vær vennlig å sørge for at domenene .kastatic.org og .kastatic.org ikke er blokkert.

Hovedinnhold

cis-trans og E-Z nomenklatur for alkener

cis-trans og E-Z nomenklatur for alkener. Opprettet av Sal Khan.

Ønsker du å delta i samtalen?

Ingen innlegg enda.
Forstår du engelsk? Klikk her for å se flere diskusjoner på Khan Academys engelske side.

Videotranskripsjon

Viss eg heim til deg og sa, navngi dette molekylet, det første du ville sagt er; sjå, me har ein dobbel binding, so me har med eit alken å gjere. Me har fire karbon i den lengste kjeda. Det er faktisk ei kjede her. So det er ein, to, tre, fire karbon. So prefixet vil være but-, og uavhengig av kva ende du tel frå, dobbelt bindinga startar på karbon nummer to, so dette er but-2-en. Eg vil då seie at det er korrekt basert på alt me har lært. Men kva med dette molekylet? Kva med eit molekyl som ser ut som dette? Du går gjennom dei same prosessane. Du seier at det har ei dobbel boinding. Det er eit alken. Den lengste kjeda har fire karbon: ein, to, tre, fire. Uansett kva ende du startar å telle frå, Dobbelt bindinga startar på karbon nummer to: ein, to tre, fire. Ein gang til seier du, hei, Sal, det er og but-2-en. Og eg peikar då ut at desse to molekyla er fundamentalt ulike molekyl. Og grunnen til at dei er fundamentalt forskjellige molekyl er fordi dobbelt bindinga ikkje kan rotere. Det har ei pi binding for den andre binding som held denne karbon-karbon bindinga rigid. So det er ikkje slik at molekylet kan endre konfigurasjonar mellom desse-- det er ikkje slik at det kan bytte mellom konformasjonane mellom denne og denne. Det kan ikkje rotere rundt denne dobbelt bindinga, slik at desse blir ulike molekyl. Desse er ulike molekyl som vil oppføre seg ulikt kjemisk. Og fordi dei oppfører seg ulik, so må me ha ulike namn for dei. Det er to ulike namne konvensjonar. Den eine er ein enklare namngivings regel, og den verkar når me har ein funksjonell gruppe på kvar si side av karbona som er med i dobbeltbindinga. Og i dei neste to videoane so skal me snakke om ein litt mer avansert namngjevings system som gjeld når me har meir enn ein funksjonell gruppe. So den første måten å gje namn på er viss du har dine funksjonelle grupper. Lat me sirkle inn dei funksjonelle gruppene. I den øverste er dei funksjonelle gruppene på motsette sider. Dei er frå kvarandre. Dei er på motsette sider av karbon-karbon dobbelt bindinga. Denne er på oppsida og denne er på nedsida. I dette molekylet her so er dei funksjonelle gruppene på den same sida. So når våre funksjonelle grupper er på ulike sider, so kallar me det trans. Me kallar det trans fordi, trur eg, det på latin betyr motsett. Eg er ikkje latin utdanna so tilgi meg. Men dei funksjonelle gruppene er frå kvarandre, so me kallar det trans-but-2-en. Den andre regelen ein brukar kjem frå tysk og den blir kalla entgegen (motsett). Og i stedet for å skrive entgegen, skriv me E i parantesar. So me kan kalle dei-- lat meg berre bruke ulike fargar sidan dette molekylet her nede er blått. So me kan kalle dette (E)-but-2-en. Desse betyr det same. (E)-but-2-en. Men dette er no på ein måte standard regelen. Me ser denne notasjonen når du brukar entgegen, eller (E), er meir nyttig. Den kan brukast når me har fleire enn ein funksjonell gruppe. på kvart karbon. Lat meg gjere det klart at (E) tyder entgegen, som er tysk for motsett, eller eg trur det tyder det. Eg kan ikkje snakke tysk eg må berre stole på det folk fortel meg. I denne situasjonen når dei funksjonelle gruppene er på den same sida so kan du kalle dette cis-but-2-en. Cis, trur eg, kjem frå lating og tyder saman, eller du kan kalle det (Z)-but-2-ene. Og du kan tenke at denne (Z) kjem frå trysk for saman. Og det står for zusammen, som er tysk for saman. Og det er alt du treng å gjere. Og i dei neste videoane skal me gjere dein del eksempel slik at me finne ut om me skal namngi noko med (E) eller (Z). Men eg vil eksponere deg til cis- og trans- namngjevings systemet, fordi det er noko som blir brukt for enklare molekyl der du berre har ein funksjonell gruppe på kvar side. Men eg vil at du skal forstå at dei prøver å lage same differansiering. Dei prøver berre å fastsetje om den funksjonelle gruppa på den eine sida av dobbelt bindinga og på den andre sida av dobbelt bindinga, om dei er på den same sida, cis-, eller (Z), eller zusammen, eller på motsette seider, trans- eller (E). eller entgegen.